AKTUELT FRÅ ISHAVSMUSEET

Siste nytt frå facebook

Følg oss på facebook »
22.03.2025 11:27

Fangst Forlis Forbod
Norsk selfangst og GC Rieber i opp- og nedturar.

«Fangst Forlis Forbod» er ei faktabasert forteljing om den stolte selfangstnæringa si oppgang og fall – frå isflaka i Ishavet via catwalken i Paris til gateopprør i EU.

Johannes Alme tek lesaren med inn i nerven til denne næringa og dokumenterer kor viktig ho har vore for det norske verdigrunnlaget og verdiskapinga i Noreg. Alle som er interesserte i korleis naturtilhøve, demokrati, politikk og rammevilkår påverkar oss, bør lese denne boka.
Boka skildrar både viktige samfunnsmessige utviklingstrekk på 1900-talet og enkelthendingar og drama i ei næring som var avgjerande for arbeidsplassar, busetjing og velferd langs kysten vår, særleg på Sunnmøre og i Nord-Noreg. Kvinnene og familiane si rolle i næringa er spesielt vektlagd fleire stader i boka.
Tekstane er supplerte med eit rikt bilete- og statistikkmateriale, i tillegg til skrøner og historier frå eit fritalande fangst- og fiskarmiljø. Den generelle presentasjonen er illustrert gjennom historia om firmaet GC Rieber AS i Bergen, som var verdsleiande innan selprodukt, og eigaren og mangeårige leiaren Chr. Rieber, ein sentral støttespelar for fangstnæringa og ein internasjonalt anerkjend nestor innan omsetninga av selprodukt i verda.
«Fangst Forlis Forbod» bør liggje på alle gåvebord til folk med tilknyting til kysten og havet – og til alle andre som er nysgjerrige på korleis landet vårt har utvikla seg.

Stort format, hard cover med 300 sider og over 300 foto.

Du kan kjøpe boka her:

Fangst Forlis Forbod

Les meir »

Siste nytt frå blogg

Følg oss på blogg »